Publisert 22. november 2009 21:04:48 av John Willy Klungre
Alle elevane ved skulen var på yrkesmesse og karrieredag 11.november. Første delen av dagen gjekk til Herøyhallen der næringslivet i regionen var representerte med standar.
Elevane vart guida rundt av Sal og service-elevar frå Ulstein vgs. Kl. 12.00 gjekk turen til Høgskulen i Volda som presenterte sine tilbod. Dei andre høgskulane i fylket var også representerte med standar. Her var elevar frå Sal og service frå Volda vidaregåande guidar.
Det vart ein lang dag med mange inntrykk som nok kjem godt med når ein skal gjere val vidare.