Vi ønskjer alle elevar og tilsette vel møtt til eit nytt skuleår!

Skulestart for elevane er torsdag 19. august. De møter opp på skulen kl. 08.10 der vi samlast på kantina. Dersom du lurer på noko i samband med skulestart, må du gjerne ta kontakt med skulen. Frå 2. august er vi på kontora til stades.

Ordninga med gratis læremiddel kjenner de sikkert til, de vil få lærebøker utdelt ved skulestart. Alle elevar skal òg ha pc til skulebruk. Då kan ein velje om ein vil ha ein berbar PC som fylket kjøper inn, eller få eit økonomisk tilskot for å kjøpe eigen PC, tilskotet blir kr. 2330. Dette kan du lese meir om ved å gå inn på ungweb.no

Du vil også få eit utstyrsstipend frå Statens lånekasse for å halde deg med utstyr, sjå www.lanekassen.no . Dette må du sjølv søkje lånekassa om.

Elles kan du halde deg oppdatert om vidaregåande skule i Møre og Romsdal ved å gå inn på ungweb.no


Kontaktinformasjon:

Herøy vidaregåande skule, avd. Vanylven
6140 Syvde
Tlf: 70020850
Fax: 70020860
E-post: Post til skolen
februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Vanylvenvgs. Sida er utvikla med eZ publish.