Vellukka skuletur til Manchester og Derby

I veke 14 reiste elevar frå VG2 Teknikk og industriell produksjon saman med lærarane Hallstein Lynge og Erik Holsvik Opsal på ekskursjon til England. Dette skulle vise seg å bli ein lærerik og triveleg tur for både elevar og lærarar.

Først på programmet var eit todagars opphald i Derby. Her besøkte vi bedriftene Rolls-Royce, Bombardier og JBC Heavy Products. Hos Rolls-Royce fekk vi til dømes ei god innføring i korleis jetmotorar blir reparerte før besøket vart runda av med ein varm lunsj i kantina deira. Deretter gjekk turen til togprodusenten Bombardier. Her fekk vi ein ”sniktitt” på dei nye toga som skal frakte tilskodarar og idrettsutøvarar rundt i London under OL neste år. Siste dag i Derby stod JCB Heavy Products og deira produksjon av gravmaskiner på programmet før vi reiste vidare til Manchester.

I Manchester fekk dei som ville høve til å gå på Premier League kamp på Old Trafford mellom Manchester United og Fulham, - utan tvil ei stor oppleving. Dei som ikkje drog på kamp, nytta dagen til shopping og sightseeing. Neste dag drog vi alle på Teknisk Museum der vi lærte om alt frå ”Den industrielle revolusjon” til kjeldesortering. Særleg artig var nok 4D kinoen med vannsprut, vind og seter som rørte på seg.

Med temperaturar opp til 22 grader, god mat og interessant program, var elevar og lærarar samde om at det var ein kjekk og lærerik tur, ikkje minst fordi alle også fekk nytta engelskkunnskapane sine. Turen var i all hovudsak finansiert av Vanylven Utvikling, som ein lekk i rekruttering til yrke innanfor teknikk- og industriell produksjon.


Kontaktinformasjon:

Herøy vidaregåande skule, avd. Vanylven
6140 Syvde
Tlf: 70020850
Fax: 70020860
E-post: Post til skolen
februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Vanylvenvgs. Sida er utvikla med eZ publish.