Valtorg og skuleval

Politikarar og elevar etter valtorget.
Den tradisjonelle skuledebatten før valet vart erstatta med valtorg også ved vår skule.

Onsdag 31. august fekk elevane møte politikarar frå ulike politiske parti for å stille spørsmål og motta valmateriell. På førehand hadde ein arbeidd med valet i klassane, og politikarane ga uttrykk for at dei møtte ein aktiv og engasjert elevflokk.

Torsdag 1. september avvikla vi skuleval med følgjande resultat:

Parti Kommuneval Fylkestingsval
Framstegspartiet 40 % 32 %
Høgre 3 % 5 %
Senterpartiet 11 % 10 %
Kristeleg Folkeparti 3 % 5 %
Arbeidarpartiet 37 % 29 %
Blank 6 % 7 %
Raudt 0 % 2 %
Kystpartiet 0 % 2 %
Miljøpartiet De Grønne 0 % 2 %
Sunnmørslista 0 % 5 %
Sum 100 % 100 %

Framstegspartiet og Arbeidarpartiet vart dei store vinnarane. I tillegg til elevane si politiske overtyding, avspeglar nok resultatet kva for parti som tok del i valtorget, og ikkje minst kva for parti som hadde dyktige ungdomar på laget.


Kontaktinformasjon:

Herøy vidaregåande skule, avd. Vanylven
6140 Syvde
Tlf: 70020850
Fax: 70020860
E-post: Post til skolen
februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Vanylvenvgs. Sida er utvikla med eZ publish.