Publisert 27. oktober 2009 13:10:50 av John Willy Klungre
Torsdag 22. oktober var elevane i ST på besøk i den enorme "sandkassa" i grusdeponiet på hamna i Syvde.
Her vart gamle kunnskaper og ferdigheiter frå sandkassa tekne fram att då elevane skulle ha framføring i korleis ulike terrengformer blir danna. I usortert grusmateriale var det lett å vise korleis brear og elver arbeider i terrenget. Elevane hadde gode framføringar både nr det gjeld korleis elver og brear formar terrenget, og på korleis elver, brear og ras sorterer materiale.
På biletet er det Madelen som har framføring i korleis eit steinras sorterer steinen i fint og grovt materiale.