Skuletur til Krakow og Berlin

Ved minnesmerket over Berlinmuren
I veka etter påske reiste alle vg1-klassene på den årlege turen til Krakow i Polen og til Berlin.

Besøket i Auschwitz var eit fagleg høgdepunkt og elevar og lærarar fekk omvisning og informasjon om nazismen sine grufulle sider under andre verdskrigen. I Berlin fekk vi omvisning og orientering i Stasi-fengselet. Begge desse besøka gjorde sterkt inntrykk.

Middelaldertorg og imponerande historiske bygningar i Wraclaw og Krakow, og byguiding i Berlin, var høgdepunkt på ein annan måte.

Ved sida av fagleg innhald vart det også tid til mykje sosialt liv. Språkferdigheitene vart testa og inntrykket er at dei fleste klarte seg godt både på engelsk og på tysk!


Kontaktinformasjon:

Herøy vidaregåande skule, avd. Vanylven
6140 Syvde
Tlf: 70020850
Fax: 70020860
E-post: Post til skolen
februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Vanylvenvgs. Sida er utvikla med eZ publish.