Publisert 02. februar 2007 14:22:26 av John Willy Klungre
1.februar hadde vi ein svært vellukka næringslivsdag på skulen. Vanylven kommune stod som arrangørar.
Dei hadde invitert representantar frå eit variert og optimistisk næringsliv som fekk presentere seg for elevane, som på si side kvitterte med å vere ei svært lydhøyr forsamling.
Dagen starta med arbeidsfrukost (kjempegod, laga av HS!) der temaet var framtida og behovet for ung arbeidskraft i Vanylven. Men det viktigaste var møtet mellom næringslivet og elevane. Ein fekk mange spennande innspel frå innleiarane. Sjølv om folketalsutviklinga i kommunen ikkje er god, er det stor tru på framtida hos bedriftene som var representerte.
På slutten av dagen overrekte ordførar Jan Helgøy kr.20.000 i gåve til elevane. Pengane er øyremerka trivselstiltak, og kjem truleg godt med i finansiering av Polen-turen i april.