Publisert 08. januar 2008 01:11:27 av John Willy Klungre
Det vart ei flott juleavslutning med festkledde elevar og tilsette også i år. Etter flott julemiddag som HS hadde laga til var det programinnslag av klassene. Mykje godt og morosamt program.
Eit av dei store høgdepunkta var då vi fekk besøk av 3 ivrige og svært dyktige kirurgar som opererte ut det meste av handverkty frå svelget til ein pasient som faktisk overlevde.