Publisert 03. november 2009 11:43:17 av John Willy Klungre
Tysdag 27. og onsdag 28. oktober hadde vi besøk av 10.-klassingar frå ungdomsskulane i Vanylven. Dei skulle prøve ut å vere elevar på ulike utdanningsprogram i den vidaregåande skulen. Om lag 2/3 av elevkullet i 10.klasse i Vanylven valde å prøve ut eitt av våre tilbod.
Hospiteringa inngår i eit fag i ungdomsskulen som heiter utdanningsval. Intensjonane med dette faget er å skaffe seg kunnskap om ulike utdanningsvegar og yrke og få prøve ut sine evner og interesser slik at ein blir meir bevisst på eigne val og får betre kjennskap både til vidaregåande skule og til arbeidslivet. Vidare skal faget vere med å skape heilskap i grunnopplæringa og knyte opplæringa i grunnskule og vidaregåande skule betre saman. (Fritt sitert frå læreplanen i faget).
Det var lagt opp til at 10.-klassingane skulle få eit reelt bilete av ein vanleg skuledag ved Herøy vgs., avd. Vanylven med ulike fag og arbeidsmetodar. Nedanfor ser vi glimt frå aktivitetar som 10.-klassingane var med på. Elevane våre var gode instruktørar og rettleiarar, og 10. klassingane var trivelege gjestar.
Biletet er frå naturfagtimen på ST der temaet var proteinsyntese.