Publisert 13. mars 2011 22:28:56 av John Willy Klungre
Fredag før vinterferien starta skuledagen med frukost. Ordførar Jan Helgøy var invitert og hadde med «ein sjekk» på kr. 20.000 til den årlege studieturen til Polen og konsentrasjonsleirane i Auschwitz.
Vanylven kommune har i fleire år støtta denne turen for Vg1-elevane, og skulen er svært takksam for det. Det viser at politikarane verdset å ha ein vidaregåande skule i kommunen. Ordføraraen sa i ein kort tale at han er stolt av den vidaregåande skulen i Vanylven og ønskjer at fleire vil søkje hit, også utanfrå kommunen. Representantar frå elevrådet tok imot «sjekken» og takka for den rause gåva.