Publisert 08. desember 2006 13:20:47 av John Willy Klungre
ST klassa hadde torsdag kveld og fredag ein kombinert ekskursjon i kroppsøving, geografi og naturfag. Torsdag kveld var programmet å setje opp telt, sanke brennbart materiele til bål, brenne bål og ete grillmat. God stemning, sjølv om nokre fekk i seg vel mykje røyk frå bålet.
Ikkje alle var like vakne neste morgon. Og med hovudet godt ned i soveposen var det nokre som sov ekstra godt sjølv om dei ikkje sov i telt. Etter ein felles frukost var det geografi- pg naturfagekskursjon på myra og i moreneområdet på Øverberg.
Ein kjekk tur der vi også var kjempeheldige med veret med over 20 grader og vindstille i midten av september.