Publisert 02. oktober 2010 22:34:46 av John Willy Klungre
I løpet av dei første skulevekene har vi hatt fleire vellukka arrangement for elevar og foreldre. Tur til Sandviksanden, besøksdag på ulike etatar i Vanylven kommune og foreldremøte er nokre av aktivitetane vi har gjennomført.
Torsdag 19. august:
Den andre skuledagen har vi kvart år eit felles opplegg for elevane. Vi startar med frukost for alle, held fram med forskjellige gruppeoppgåver på tvers av klassene for å riste oss saman. Det er triveleg å møte dei nye elevane på ein slik måte. Tonen var svært god og lova godt for skuleåret.
Det er triveleg å møte dei nye elevane på ein slik måte. Tonen var svært god og lova godt for skuleåret.
Vanylvsdag:
Torsdag 2. september hadde elevane i Vg1-klassene Vanylvsdag. Då var vi på besøk på rådhuset, der var vi innom dei ulike etatane og fekk eit lite innblikk i korleis dei arbeider og kva utdanning dei som arbeider der, har. Vi var også oppom vassverket på Fiskå, Vanylven sjukeheim og Aktivitetssenteret. Vi vart godt mottekne alle stader og fekk servert pizza av kommunen.
Tur til Sandviksanden:
Tysdag 7. september, ein strålande seinsommardag, var vi på Sandviksanden. Der hadde vi mange aktivitetar for å riste oss saman. Den årlege turen til Sandviksanden er viktig for å bli kjende med kvarandre, både for elevar og lærarar, og ikkje minst er den viktig for å bygge eit godt fellesskap. Grilling høyrer alltid med, og dei modigaste kjende på badetemperaturen. Volleyballturnering er eit fast innslag på programmet. Lærarlaget vart hårfint slått av eitt av elevlaga. Dagen var ei flott oppleving!
Foreldremøte og foreldresamarbeid:
Måndag 20. september var det foreldremøte med orientering om skulen og kva vi legg vekt på for å skape ein god skule- og læringskultur. Foreldra var òg samla «klassevis» med kontaktlærarane, og det vart valt eit foreldreutval.
I veke 39 hadde kontaktlærarane for Vg1-klassene utviklingssamtalar med elevane og foreldre/føresette.