Bli-kjend-dag på Sandviksanden

Fredag 22. august arrangerte Herøy vgs., avd. Vanylven Bli-kjend-dag på Sandviksanden. Det var overskya då vi kom dit, men varmt i lufta. Alle var i godt humør og såg fram til ein fin dag på sanden.

Då alle hadde kome seg til rette, vart vi delte inn i grupper. Alle gruppene fekk kvar sitt namn og kvar sine postar dei skulle gå til. Vi skulle rotere mellom ni ulike postar: Det var spikring, steinkasting, smakstest med bind for auga, song/drama, springe rundt ei flaske lengst mogleg utan å dette, gisse kor mange erter det var i ei boks, finne vekt og lengde og kjenne på ulike gjenstandar og gisse kva det var utan at vi fekk sjå dei.

Etter konkurransen var det tid for volleyballturnering. Laga som stilte opp var blant andre Saurdalsstars, CP’s-spikar og Joikakaker. Det vart ein spennande kamp mellom elevar og lærarar, med mykje latter, knall og fall. Dei som ikkje var med på volleyballturneringa, laga sandslott og sandbyar. Det vart fine resultat, ei mellomalderborg og Syltefjorden i ny utgåve. Grillen var også tilgjengeleg for dei som ville grille mat. Nokre valde å kaste seg i sjøen, men dei enda opp framfor grillen alle saman for å prøve å få i seg litt varme. Veret kom seg også utover dagen, og gjekk frå overskya til litt blå himmel.

Til slutt var det fotografering av heile gjengen. Vi har ein lærar som er ekstremt glad i å ta bilete av alt og alle. Plutseleg var det tid for heimreise, dagen hadde gått altfor fort. Men eg trur at alle blei litt betre kjende med kvarandre, og eg trur også at alle storkosa seg på turen, både lærarar og elevar. Nokre dagar seinare vart det utdelt diplomar for både dei som laga sandslott og dei som deltok i volleyballturneringa.

 

Skrive av elevar frå Vg1 studiespesialisering


Kontaktinformasjon:

Herøy vidaregåande skule, avd. Vanylven
6140 Syvde
Tlf: 70020850
Fax: 70020860
E-post: Post til skolen
mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Vanylvenvgs. Sida er utvikla med eZ publish.