Bli kjend-dag på Sandviksanden

Den tradisjonelle bli kjend-dagen på Sandviksanden vart i år avvikla på onsdag 22. august. Tåke om morgonene gjorde at vi utsette avreisa eit par timar, men etterkvart vart veret betre og betre og det vart ein kjekk dag på sanden.

Elevane ved skulen kjem dette skuleåret frå 5 ulike ungdomsskular, og dermed er det mange som ikkje kjenner kvarandre frå før. For å bli betre kjende med kvarandre arrangerer vi kvart år turen til Sandviksanden for at elevar og tilsette kan ha det moro i lag. Etter ei økt med grilling og mat var det gruppeaktivitetar av ulike slag. Elevane på biletet har i oppgåve å fjerne ein metallring frå 2 hestesko som er festa til kvarandre med kjetting. Det var berre 1 av elevane som klarte denne vanskelege oppgåva. Etter at gruppeaktivitetane var avslutta var det sandvolleyballturnering, frisbeekasting og sandslottbygging.


Kontaktinformasjon:

Herøy vidaregåande skule, avd. Vanylven
6140 Syvde
Tlf: 70020850
Fax: 70020860
E-post: Post til skolen
mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Vanylvenvgs. Sida er utvikla med eZ publish.