Publisert 16. desember 2010 19:58:22 av John Willy Klungre
I samband med faget prosjekt til fordjuping besøkte elvane på Vg1 TIP to bedrifter i Ørsta Volda torsdag 15. desember.
Scana Volda
Bedrifta produserer gir og propellanlegg til mange ulike fartøy. Dette gjev elevane eit bilete av dyktige fagfolk innanfor maskinering og montering der ein hundredels millimeter er avgjerande for riktige pasningar.
Vi fekk ogå eit inntrykk av at det er kort karriere frå lærling til fagarbeidar med store utfordringar både i innland og utland. Det er også gode muligheiter for dei som vel høgskule etter ei tid i bedrifta. Dokumentasjon og registrering av komponentar som vert brukte var i system for alle produkta.
Vik Ørsta AS
Denne bedrifta produserer ein imponerande del av materiellet til trafikksikring i Noreg, dei har heile 90 % av den norske marknaden. Vi fekk sjå ei bedrift med mykje avansert produksjonsutstyr, til dømes lasarskjering av rør og profilar. Bedrifta legg stor vekt på arbeidsmiljøet, ergonomi og inneklima var i fokus. Vi fekk også sjå film frå testing av rekkverk og lysmaster, der bussar og personbilar vart bruket i testen. Bedrifta har lagt vekt på ansvar hos den enkelte medarbeidar, der vedlikehald og programmering av maskinane er ein del av jobben.