Bedriftsbesøk til Ulstein Group og Vestsink AS

Syrebad på Vestsink
Tip-elevane hadde ein innhaldsrik dag på bedriftsbesøk torsdag 10. februar.

På Ulstein Group fekk dei oppleve den nye informasjonsavdelinga med eit flott mediarom. Elevane fekk informasjon om ulike yrke som er representert i bedrifta. Dei fikk ein grei orientering om opptakskrav og personlege eigenskapar som bedrifta legg vekt på ved tilsetting.

Etterpå var det besøk på Vestsink AS på Leikong. Denne bedrifta har eksistert i 40 år. Dei har store oppdrag til skipsindustrien i regionen.

Elevane fekk orientering om prosessen frå delane kjem inn til dei er ferdig varmforsinka. Bedrifta har produksjonskapasitet på 2000 kg/h. Dei har også oppdrag til kraftforsyning, gardsdrift og private som vil ha varmforsinka delar som portar og andre konstruksjonar av stål.


Kontaktinformasjon:

Herøy vidaregåande skule, avd. Vanylven
6140 Syvde
Tlf: 70020850
Fax: 70020860
E-post: Post til skolen
mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Vanylvenvgs. Sida er utvikla med eZ publish.