Herøy vidaregåande skule, avd. Vanylven har tre område som vi legg stor vekt på:
1) Tett oppfølging av elevane og eit godt læringsmiljø. Vi prøver å gjere overgangen frå grunnskule til vidaregåande skule betre ved å samarbeide nært med ungdomsskulane. Vidare har vi aktivitetar den første skuleveka som har som mål å skape eit godt inkluderande fellesskap. Tidleg på hausten har vi anonym miljøundersøking for å avklare om elevane trivst og for å avdekke mobbing. I tillegg er miljøet/læringsmiljøet tema i basisgruppene. I september startar kontaktlærar med elev- /utviklingssamtale med den enkelte elev, og vi følgjer opp med minst to samtalar til i løpet av året.
2) Fagleg oppdatering av lærarane. Lærarane vert oppmoda om å reise på fagkurs, og det vert lagt til rette for at lærarane kan ta etter- og vidareutdaning.
3) Samarbeid med lokalmiljøet. Elevane er på ulike bedriftsbesøk, og i samarbeid med kommunen vert det arrangert næringslivsmøte for elevane der ulike personar frå næringsliv og kommune er på skulebesøk. Ressurssenteret ved skulen driv realkompetansevurdering og arrangerer kurs for vaksne.
Dette meiner vi er med på å gjere Herøy vgs,. avd. Vanylven til ein god skule.