BRANNINSTRUKS FOR HERØY VIDAREGÅANDE SKULE, AVD. VANYLVEN

VARSLING:

  1. Brann vert varsla ved ringesignal.
  2. Den som oppdagar brann, skal varsle ved å slå inn næraste brannmeldar – og likeeins melde frå til skuleleiinga som varslar brannvernet. Telefon: 110
  3. Brannvernleiaren ved skulen kontrollerer at brannvernet har motteke melding.

RØMMING:

  1. Læraren sørgjer for at elevane går roleg til næraste utgang. Yttertøy og skulesaker skal ikkje takast med.
  2. Læraren sørgjer for at vindauge og dører i undervisningsrommet vert attlatne.
  3. Læraren følgjer elevane ut til oppstillingsplassen for bussane og kontrollerer at alle i klassen er komne ut.
  4. Læraren gir melding til brannvernleiaren.

SLØKKING:

  1. Personale som ikkje har ansvar for ein klasse når brannalarmen går, skal straks prøve å sløkkje brannen med det utstyret som er til stades.
  2. Brannvernleiaren skal møte og orientere det kommunale brannvernet og vise veg til brannstaden.

FØREBYGGJANDE ARBEID:

  1. To gonger i året skal skulen arrangere rømmingsøving for alle klassane.
  2. Før rømmingsøvingane skal elevane verte motiverte for brannvernarbeid gjennom undervisninga. Ansvarleg for dette er klassestyrar.
  3. Skulen skal i samarbeid med det kommunale brannvernet arrangere sløkkingsøvingar for dei tilsette kvart 3. år.
  4. Denne branninstruksen skal henge lett synleg på alle undervisningsrom og personalrom.
  5. Rømmingsplan heng i gang i kvar etasje, der også plassering av brannvernmateriell og brannmeldarar er innteikna.
  6. Ved starten av kvart skuleår skal klassestyrar gå gjennom instruksen saman med elevane og orientere dei om korleis dei skal oppføre seg ved brann.
  7. Alle tilsette skal kjenne instruksen og det ansvaret dei er pålagde ved brann. Dei skal ha kjennskap til plassering og bruk av sløkkingsmateriellet på skulen og vite korleis brann skal varslast.

BRANNVERNLEIAR:

Hovudansvarleg for brannvernet ved Herøy vgs. avd. Vanylven er verneleiar Ester Sørdal Klungre.

Varamann: Knut Warberg

Herøy vidaregåande skule, avd. Vanylven
12.10.11

Ester Sørdal Klungre


Kontaktinformasjon:

Herøy vidaregåande skule, avd. Vanylven
6140 Syvde
Tlf: 70020850
Fax: 70020860
E-post: Post til skolen
mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Vanylvenvgs. Sida er utvikla med eZ publish.